Babysong er songsamlingar annakvar mandag der me syng og leiker oss gjennom eit utval av songar, rim, regler og bøner. Songstunda varar i omlag ein halv time. Etterpå et me nistelunsj saman og finn fram leiker på golvet.

T0 Babysong er frå kl. 11-ca kl. 12. Ta med niste, de får kaffe/te og juice.  Samlingane 28/10, 11/11, 25/11 og 9/12 er i Stord kyrkje, mens me 2/9, 16/9, 30/9 og 14/10 er i Fredheim, Adr Hystadvg 33 (300 meter frå kyrkja retning Rommetveit)

Babysong er eit sosialt fellesskap og kan vera ein fin stad å bli kjent med andre. Alle samlingane er opne utan påmelding og de er velkomne same kor i kommunen de bur.  

Ansvarleg for T-dagane

Elisabeth Vatland Fauskanger
tlf 53 40 34 40
m 992 70 811

Ta gjerne kontakt med oss!

 

vipps