Velkomen til ei ettermiddagsstund der me skal syngja og leika og spela oss gjennom songer, rim og regler og bli kjent med ei forteljing frå bibelen. Songstunda varar i omlag ein halv time. Etterpå finn me fram frukt og leiker til borna og kaffe/ te til dei vaksne. 

Songstunda varar frå kl. 17.- ca kl. 18. Orgelet i kyrkja skal rehabiliterast i haust, difor er samlingene 2/9, 16/9, 30/9 og 14/10  på Fredheim, Adr Hystadvegen 33 (300 meter frå kyrkja retning Rommetveit), mens me 28/10 og 25/11 er i Stord kyrkje. 

Me ønskjer velkomne og håpar desse samlingene kan vera eit sosialt og kjekt fellesskap for både små og store. Det er ikkje påmelding og de er like velkomne same kor i kommunen de bur 😊

Helsing Anne, Åsa og Elisabeth

Ansvarleg for T-dagane

Elisabeth Vatland Fauskanger
tlf 53 40 34 40
m 992 70 811

Ta gjerne kontakt med oss!

 

vipps