Me i kyrkja ønskjer deg som har starta i 1.klasse nå i haust og familien din velkomen til skulestartsamling. Det blir servering av middag for heile familien og "bibelskatt"  om ein mann i bibelen som heiter Sakkeus. 

Me serverer middag mellom kl. 15:30 og 16:30, og så er det bibelskatt samling med litt song og bibelforteljing om Sakkeus kl. 16:30-17:00. Middagserveringa er fleksibel, det vil seie at de kjem når det passar for dykk. Blir det ferdig å spise før Bibelskattsamlinga startar så har me masse leiker til borna og kaffi til dei vaksne. Maks pris pr.familie kr 100,-

Tysdag 17.september for de som høyrer til Horneland og Leirvik og onsdag 18.september for de som høyrer til Hystad og Rommetveit. 

Stord kyrkje er stengt desse to dagane, for orgelet skal reparerast. Difor er samlingane i Fredheim, adresse Hystadvegen 33. (300 meter frå kyrkja i retning Rommetveit) 

Velkomen!

Mled dykk på > HER

Ansvarleg for T-dagane

Elisabeth Vatland Fauskanger
tlf 53 40 34 40
m 992 70 811

Ta gjerne kontakt med oss!

 

vipps