Dåp og opplæring høyrer saman. Foreldre, fadrar og kyrkjelyd har eit felles ansvar for at barna skal få leva og veksa i trua. Difor arbeider me med trusopplæring i kyrkja. Trusopplæringa er for barn og unge i alderen 0-18 år. 

Her hos oss organiserer me trusopplæringa i T-dagar. Kvart år vil barna få tilbod om å vera med på ein T-dag som har namn etter alderen på barnet. «FIREÅRSBOK OG UNDRETUR» har namnet T4, då det er T-dagen for dei som fyller fire år det gjeldande året. T-dagane har varierande tema, innhald og aktivitetar.  

Alle T-dagar er ikkje på plass enda, men dei vil komma i løpet av dei neste åra. Alle døypte barn i vår kyrkjelyd vil difor etterkvart få tilsendt invitasjon til T-dag årleg. I tillegg vert T-dagane annonsert, både på nett og i avis. Alle barn er like velkomne, anten dei er døypte eller ikkje.

Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Me set pris på at foreldre tek kontakt slik at me kan avtala tilretteleggjing der det trengst.

Velkommen til T-dagen med barnet!

Fyller du 9 år i år? Har du lyst å vera agent og løysa mysterium i kyrkja? Bli med på tårnagenthelg - 4.-5. mai! 

Elisabeth Fauskanger er nyleg tilsett som kyrkjelydspedagog og hadde sin første arbeidsdag hos oss 1.april. Elisabeth er 47 år, gift med Dag-Ove og mor til fire gutar i alderen 10,5 til 22 år. Familien har budd i Sagvåg dei siste 20 årene, men Elisabeth kjem opprinneleg frå Sokndal, sør i Rogaland.

Kjenner du nokon som fyller 2 år i år? Måndag 8. april er det T2 Kveldssong for dei små i Stord kyrkje kl. 17:30. Dette er koselege songsamlingar med nistekvelds etterpå. Ta med niste. Me har kaffi, te, juice og melk. T2-samlingane er i vår felles for Stord og Nysæter sokn, i Stord kyrkje. Det er inga påmelding - det er berre til å komma! Velkommen

På måndag (8/4) er det babysong i Stord kyrkje igjen. Alle som er heime med ein baby eller fleire er velkomne til ei triveleg songstund i kyrkja. Samlinga startar klokka 11:00. Ta med niste, så et me lunsj saman etter songstunda. Me held te, kaffi og juice! Velkommen!

Kjennner du nokon som fyller 3 år i år? Måndag 25. mars er det T3 Kveldssong for dei små i Stord kyrkje kl. 17:30. Dette er koselege songsamlingar med nistekvelds etterpå. Ta med niste. Me har kaffi, te, juice og melk. Det er inga påmelding - det er berre til å komma! Velkommen:-) T3-samlingane er i vår felles for Stord og Nysæter sokn, i Stord kyrkje.

På måndag (25/3) samlast me til babysong, og alle som er heime med ein baby eller fleire er velkomne til ei triveleg songstund i kyrkja. Samlinga startar klokka 11:00. Ta med niste, så et me lunsj saman etter songstunda. Me held te, kaffi og juice! Velkommen!

Kjenner du nokon som fyller 2 år i år? Måndag 11. mars er det T2 kveldssong for dei små i Stord kyrkje kl. 17:30.

Babysong

Det har vore fullt hus og stormande jubel på babysong i Stord kyrkje i vår🙌😊 På måndag (11/3) samlast me på nytt, og alle som er heime med ein baby eller fleire er velkomne til ei triveleg songstund i kyrkja.

Ansvarleg for T-dagane

Elisabeth Vatland Fauskanger
tlf 53 40 34 40
m 992 70 811

Ta gjerne kontakt med oss!

 

vipps