Søndagsskulen er for alle born. På søndagsskulen syng me, tenner lys og ber, blir kjent med ei forteljing frå bibelen og har ulike leiker eller aktiviteter. Dei vaksne er velkomne til å bli med på søndagsskulen om dei ynskjer det.

Søndagsskulen i Nysæter kyrkje held til i kjellaren og startar kl 11. Søndagsskulen i Stord kyrkje deltek først litt i gudstenesta før dei går til eiga samling i kapellet. 

Velkomen på søndagsskulen!

 

 

Søndagsskule

LogoSunHer finn du ei oversikt over søndagsskule-samlingane:

SØNDAGSSKULEN I STORD KYRKJE: 

pdfSøndagsskule Stord kyrkje - Hausten 2019

SØNDAGSSKULEN I NYSÆTER KYRKJE: 

pdfSøndagsskule Nysæter - Hausten 2019 

Om søndagsskulen i Stord kyrkje

I Stord kyrkje er alle med frå starten av gudstenesta. Like før preika går dei som vil på søndagsskulen ned i kapellet i kyrkja saman med leiarane. Borna kjem opp att til nattverden, og er med på siste del av gudstenesta om dei ynskjer det.

Søndagsskulen følgjer opplegget "Sprell Levande" frå Søndagsskolen Norge. Det er eit spennande og variert opplegg, som legg stor vekt på formidling av bibelforteljingar. Elles syng me, bed og leikar litt. Av og til lagar me noko fint, eller me har litt mat

Velkommen til gudsteneste og søndagsskule i Stord kyrkje!

Om søndagsskulen i Nysæter kyrkje

Nysæter søndagsskule er i Nysæter kyrkje søndag kl 11.00
Me syng, høyrer frå Bibelen og leikar saman. Me har det kjekt på søndagsskulen.
Søndagsskulen er i kjellaren medan det er gudsteneste oppe. (Ein kan velja om ein vil gå inn oppe i kyrkja, eller gjennom barnehagen. Begge dørene er opne.) Det gjer at foreldre kan velja om dei vil vera med på søndagsskulen eller gå på gudsteneste. Etter søndagsskulen og gudstenesta er det felle kyrkjekaffi i kyrkjelydssalen dei fleste søndagane for dei som ynskjer det. Søndagsskulen varer frå kl 11.00 til 12.15
Ein søndagsskule i halvåret har me søndagsskulefrukost. Då er det frukost kl 10.00 så fortset me med søndagsskule kl 11.00

Velkommen til Nysæter søndagsskule