kveldssamling vår 2018I januar i år starta Stord kyrkje opp eit nytt tilbod med regelmessige samlingar i kyrkja med fokus på å styrkje fellesskapet i kyrkjelyden. Desse samlingane vert kalla ”Kveldssamling”, og har eit enkelt program med fokus på bibelundervisning og måltidsfellesskap. ”Vi har hatt tre kveldssamlingar i år. Det er veldig kjekt at det kjem menneske i ulik alder - alle er hjarteleg velkomen. Tilbakemeldingane har vore gode og oppmøtet godt på dei første samlingane. Det er spesielt fint å få samlast rundt fellesskapet i kveldsmaten etter nattverden” seier Ingeborg Ørjasæter som er komitéleiar for kveldssamlingane. Før sumaren er det planlagt to samlingar til, torsdag 26 april og torsdag 24 mai. Målet med samlingane er å skapa ein inkluderande møtestad med god tid til å vera saman som kyrkjelyd.

Her kan du lesa referat frå årsmøtet søndag 15.04.2018:
pdfreferat_årsmøte_stord_18.pdf

Her kan du lesa årsmeldinga for 2017:
pdfårsmelding_stord_2017.pdf

Årsmøte vert søndag 15. april i kapellet etter gudstenesta

Stord sokneråd 2015-2019

Jostein Grimsbø - leiar

Anders Grov Nilsen - nestleiar
Liv Jorunn Alvsåker
Kjellaug Stautland Eide
Nils Dale Elde
Åsa Rygg (permisjon)
Anne Brandvik Nilsen
Jakob Saghaug (permisjon)
Daniel Kjellevold Steinsland (permisjon)
varamedlemer:
Gerny Fredrikke Ganderud
Elfrid Johanne Kartveit (permisjon)
Oddlin Stave Aadland
Målfrid Lønning

Reidun Andersen - sakshandsamar

Visjonsdokument for Stord kyrkjelyd

VisjonsdokStord sokneråd har utarbeidd eit visjonsdokument for
Stord kyrkjelyd:


LIVET I FOKUS
NÆR GUD -
NÆR MENNESKE


Last ned dokumentet her:
pdfVisjonsdokument.pdf