Stord kyrkjelege fellesråd lyser ut 40% vikariat som KYRKJELYDSPEDAGOG i Stord sokn.

Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 18.500 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spennande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 16 tilsette; diakon, kantorar, kyrkjelydspedagog, kyrkjegardsarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 3 prestar. I Stord og Nysæter kyrkjelydar er det om lag 3700 døypte i alderen 0-18 år. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Stord kyrkjelege fellesråd lyser med dette ut 40% vikariat som

KYRKJELYDSPEDAGOG i Stord sokn.

Arbeidsoppgåver

  • Trusopplæring i Stord sokn i samsvar med vedteken plan for trusoppplæring.

Alle tiltak denne hausten er allerede tidfesta.

Kvalifikasjonar
Me søkjer primært ein medarbeidar med relevant utdanning som pedagog, kateket eller teolog, men anna relevant utdanning og praksis er også interessant.

Erfaring frå barne-og ungdomsarbeid i kyrkjelyd, og samarbeid med uløna medarbeidarar er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode formidlings-og kommunikasjonsevner i møte med barn og ungdom
  • Du trives i fellesskap med barn og ungdom
  • Du trives med å administrera
  • Du har evne til å inspirera og motivera medarbeidarar
  • Du er god til å arbeida sjølvstendig og til å samarbeida med andre
  • Du må vera medlem i Den norske kyrkja, og dela kyrkja sitt verdi-og trusgrunnlag
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt
  • Du må ha sertifikat og disponera bil

 Me kan tilby

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Gode muligheter til fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter KA sin tariff.
  • Pensjonsordning i KLP
  • 40% vikariat så snart som mogleg fram til 31.12.2017.
  • Det må reknast med noko arbeid på ettermiddag/kveld og helger               

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til einingsleiar for truspplæring Randi Lønning Matre, tlf. 951 38 562 eller via e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Søknad med kopiar av vitnemål, attestar, og referansar kan sendast til

Stord kyrkjelege fellesråd

Hamnegata 48

5411 Stord

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Søknadsfrist: Snarast, men seinast mandag 4. september 2017.

pdfkyrkjelydsped2017.pdf

Kulturfestivalen Kyrkjelyd - 12. september - 1. oktober 2017

kulturfestivalen2017

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER: 
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag kl. 10.00 - 14.00 
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD:
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!