Velkomen til inspirasjonskveld i Stord kyrkje 28.oktober k. 19-21.

Det blir ein kveld med både humor, latter og alvor. Ein kveld med senka skuldre og høg trivselsfaktor. Ein kveld for de som er med som frivillige i trusopplæringa og for de som tenkjer at det kanskje kunne vore noko å vera med på.

Tor Øyvind bur på Finnøy og har vore med i førestillinga Luther med latter, Tomatfestivalen og Reise i bedehusland. Men han er og journalist, leiar i Ryfylke livsgnist, føredragshaldar, engasjert fotballtrenar, mangeårig søndagsskule-leiar og ein som brenn og ivrar for at born og unge skal bli kjent med Jesus og ha eit godt fellesskap ilag. 

Trusopplæringsutvalet står som arrangør og ønskjer velkomen til ein kveld med variert program. Fint med ei påmelding til Elisabeth på mob 99270811, men ein kan og komma utan å melda seg på på førehand. Gratis. 

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!