Det er ei tid for alt som hender under himmelen:
ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp. ei tid for å gråta,
ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
ei tid for å leita, ei tid for å mista.
Alt gjorde han vakkert, kvar ting til si tid. Ja, alle tider har han lagt i hjartet deira.
Eg skjøna at alt Gud gjer,
står gjennom alle tider.
Ingen kan leggja noko til,
og ingen kan trekkja noko frå.
Fork 3, 1–2. 4. 6a. 11a. 14a

Alt heng saman med alt, er eit kjent sitat av Gro Harlem Brundtland.

Ja, vi er ein del av noko større; av samfunnet, naturen, og Guds rike. Av fortid og framtid. Det som er sikkert er at etter vinter kjem vår og etter død blir nytt liv født. Vi har kome til hausten, til månadane med dei gyldne fargane, blada som har forandra farge frå friskt grønt til oransje og gult før dei fell til jorda for; ja, å bli til jord igjen. Og frå den jorda veks det nytt liv til neste år. Det er vondt å miste, vondt å sakna og vondt å skal forlate. Men det er slik livet er og slik er det for alle. Og så skal vi få takke og gleda oss over den tida vi fekk i lag og dei fargane som kvar og ein omgav seg med. Og i ett og alt kan vi få ha ein forvissing om at Kristus alltid vil vera hjå oss, både i liv og død, i sorga og i minna. Han er den store trøystaren. Vi kan få festa blikket på Hans lys, på oppstoda og det evige livet. Amen.

Lisbeth Nygård

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!