I haust inviterer me deg som bur i Sagvåg/Litlabø og blir 7,8,9 eller 10 år til to samlingar med fokus på naturen. Me skal sjå på og læra om korleis ting heng saman i naturen og korleis me kan ta vare på det som veks, lever og gror. Så tenner me i bålpanna eller varmer oss med kakao i koppen før me avsluttar med å høyre ei forteljing frå bibelen.

25.september kl. 16.00 - ca 17.30 skal me vera rundt Nysæter kyrkje, då skal me sjå på insekt og småkryp saman med Bjarte som er ekspert på dette. 23.oktober kl. 16.00- ca 17.30 møter de og blir henta på parkeringsplassen ved stranda i Sætravikjo. Då skal me i fjæra saman med Marit og læra meir om livet der. 

Ta med utekler kvar gong! Fint med ei påmelding til Anne på mob 92688484, men det går fint å komma utan å melda seg på og. 

 

 

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!