Bibelfortelling og song, mat og fellesskap, leik og prat. Det er nokre av ingrediensane når me inviterer born i alderen 1 til 6 år saman med vaksen til "Open kyrkje". For å halde avstand til kvarandre får kvart barn i haust eit "aktivitetsnett" med mykje forskjellig og kjekt oppi og nokre gonger skal me ha aktivitetar me kan ha med avstand til kvarandre. Aktivitetsnetta til dei største inneheldt litt andre ting enn til dei minste.

I haust er de T1-6 Open kyrkje kl. 17.00- ca 18.00 desse datoane 22/9, 20/10, 3/11 og 19/11.

Alle samlingene er gratis og utan påmelding. Det skal vera trygt å komma i kyrkja, me legg vekt på smittevern; Me heldt avstand til kvarandre, brukar handsprit/ våtservietter og er heime om me er sjuke. I kyrkja legg me vekt på hygiene og reinhald og registrerar alle som kjem med namn og tlf som blir makulert etter 10 dagar.

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!