"Til lukke med dagen alle saman! Med 17.mai. Nasjonaldagen. Grunnlovsdagen. Fridomsdagen. Heile landet sin bursdag" Slik innleier prost Svein Arne Theodorsen preika på nasjonaldagen. Og han legg til "Vi har mykje å feira, mykje å gleda oss over, mykje å takka for og mykje å kjempa for".

Me ynskjer alle velkomen til å vera med på festgudsteneste frå Stord kyrkje på nasjonaldagen. 
Stor takk til fungerande ordførar Jakob Bjelland som les dagens bibeltekst frå Salme 127, 1-3. Ellers medverkar i tillegg til prost Svein Arne Theororsen og sokneprest Olav J Oma og kantor Ole Jørgen Furdal.

Takk til Ingjerd Kannelønning Kolstad, Dag Eirik Eikeland og Liv Kari Bru som deltek med flott song og Egil Petterteig på trompet. Og ei stor takk til Magne Langåker for film og redigering. 

Takkoffer på nasjonaldagen går til Trusopplæringa i kyrkja, bruk vippsnr 124653 (merk takkoffer 17/5)

Sjå gudstenesta på 17.mai på denne linken: 

https://vimeo.com/418955943

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!