Ingjerd Kannelønning Kolstad syng salmen "No livnar det i lundar" med tekst av Elias Blix og Ludvig Lindemann sin melodi. Me har plukka ut dei 4 mest brukte versa, men les gjerne gjennom salmeversa og gjer ditt eige utval!

Gå inn på denne linken for å sjå videoen: 

 https://vimeo.com/418572301

Tekst  til versa Ingjerd syng kan du lesa her:

1 No livnar det i lundar, no lauvast det i li,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

2 Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

3 Guds kyrkje lysa skulle som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde og utan solarglad

4 Guds ord vel alltid lyser, den sol gjeng aldri ned.
Det hus som Anden hyser, ligg støtt i ljos og fred.

5 Men stundom kom det kulde på Herrens kyrkjemark.
Det var som Gud seg dulde, og borte var Guds ark.

6 Det var dei mørke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn.
Og hjarta frys og klagar, det saknar sol og regn

7 Så sende Gud sin Ande som dogg på turre jord.
Då vakna liv i lande, då grøddest vent Guds ord.

8 Då er det sæle tider for Kristi kyrkjegrunn.
Då lauvast det i lier, då livnar det i lund.

9 Då ljosnar det i landet frå fjell og ned til fjord.
Då ljosnar tungebandet, då kved Guds folk i kor.

10 Då skin det over strender som sol ein sumarkveld.
Då gløder kring i grender ein heilag altareld.

11 Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong.

12 då me med visla tunge, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprungeskal lova Herren vår!

 

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!