Det er leit at me ikkje kan treffast i kyrkjene til gudstenester, trusopplæring og andre arrangement. Me er mange som saknar fellesskapet og møtepunkta me har hatt med kvarandre. Men kyrkja er der og me inviterer til samtale og eit digitalt fellesskap på Facebook og nettside i tida som kjem:

 

Velkommen til ein prat på telefon med oss.
Både prestane og soknediakonen er tilgjengeleg på telefon. Ring oss gjerne for ein prat om stort og smått. Du finn telefonnummer til den enkelte øverst på nettsida vår. 

Vekeplan på facebook og nettside:
Måndagar.
Er trusopplæringa sin dag. Då vil det bli lagt ut noko for born og unge. Det vil variera frå veke til veke kva det er; f.eks song, bibelfortelling, aktivitetar eller quiz. 
Tysdagar.
Då vil det bli lagt ut Ord for dagen, det er me tilsette i kyrkja på Stord som skriv desse små andaktene. 
Torsdagar.
Kvar torsdag vil me legga ut musikk på facebookside som kantorane er ansvarleg for. 
Søndagar.
Kvar søndag morgon vil me legga ut filmgudstenester frå kyrkjene våre. Me er svært takksame for at Magne Langåker filmar og redigerer desse gudstenestefilmane. 
Me vil og steba etter å ha opne kyrkjer på søndagane slik at ein kan komma innom for lystenning, bøn og ei stund i stillhet. 

Me helsar deg med det beste me veit; Herrens velsigning:
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred.

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!