Jesus syner seg for læresveinane ved Tiberiassjøen

Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått.   (Joh. 21. 4-6)

Vi er i fastetida, men vi lever likevel i oppstandelsens lys.  Denne nydelige teksten frå Johannesevangeliet, er frå tida etter at Jesus har stått opp frå dei døde og seier mykje om kven Jesus er. Han står der i morgonlyset og tar imot sine. Morgonlyset som vitnar om ein ny dag, nye tider. Han er full av omsorg og kjærleik då han spør: Har de ikkje noko å eta, borna mine? Og då dei svara nei, sørgjer han for at dei får garnet fullt. For ein glede og oppmuntring. Når dei så kjem i land, er det brød og fisk på glørne. Læresveinane får varme i seg og blir mette. Med det har dei fått sine grunnleggjande behov dekka og meir så det; Mat og varme, tryggleik og kjærleik og håp om nye, lyse og fagre tider. Dette gjeld òg for deg og meg i dag. Vi kan alltid stole på at Jesus er med oss. Han sørgjer for oss og vil ha oss i sin nærleik. Vi får kallast Hans born og då har vi alt vi treng.

Bøn: Kjære Jesus

Takk for at du lar oss våkne til ein ny dag. Takk for at du ser kvar og ein av oss. Gje oss det vi treng for dagen i dag og alle dagar. Kom med lys og varme og mat. Hjelp oss til alltid å ha blikket festa på deg og sjå deg i vår neste. Amen.

 

Soknediakon Lisbeth Nygård ❤️

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!