Våre konfirmantar kjem IKKJE på døra med bøsse i år. Landet sin nest største innsamlingsaksjon må difor spre seg på nettet. Kirkens Nødhjelp er svært bekymra for dei aller mest sårbare menneska i verda no. Koronaviruset kan få katastrofale konsekvenser for land med stor fattigdom og dårleg utbygd helsesystem. Reint vatn og god hygiene er livsviktige i denne ekstreme situasjonen. 

Kirkens Nødhjelp er til stades i 30 av dei mest sårbare landa i verda. Dei er allereide i gong med opplæring om koronaviruset og smitteførebygging i sine vatn- og hygieneprosjekt i fleire av desse landa. I fjor samla aksjonen inn 32 millioner kroner, eit beløp som gir 160.000 menneske tilgang til reint vatn. 29. - 31. mars skulle 40.000 bøssebærarar gått frå dør til dør for å samle inn pengar for å gi sårbare menneske tilgang til reint vatn og god hygiene. Du kan vera med i dette viktige arbeidet. Gi til dei som treng det aller mest.

  1. Gi ei gåve med Vipps: Send ditt bidrag til 2426.
  2. Gi ei gåve på SMS:Send kodeord VANN til 2426. Du gir 200 kroner, som vert belasta din telefonrekning
  3. Sett inn eit beløp på gåvekontoen1594 228 7493. Merk gåva «Fasteaksjonen».
  4. Bli fast givar:Gi et liv med vann- hver måned registrer deg her.

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!