Kyrkjelydane på Stord følgjer med på informasjon frå Folkehelse Instituttet, Bjørgvin bispedømme og dei lokale helsemyndighetene på Stord, og held seg til dette. 

Kyrkja avlyser difor gudstenester, arrangement, konfirmantundervisning og T-dagar. 

Gravferder går som normalt men med avgrensningar i forhold til antal deltakarar.

I ei vanskeleg tid ynsker kyrkja å oppmuntra til bøn, bidra til trøyst og fremja tru på at Gud er med i vanskelege tider.

Sjå her oversikt over tiltak som blir gjennomført:

Gudstenester 

Alle gudstenester vert avlyst inntil vidare.

Dei som har avtalt dåp vil bli kontakta med tanke på eigne dåpsgudstenester.

 

Trusopplæring og konfirmantar

Trusopplæringstiltaka og konfirmantsamlingane er avlyst inntil vidare.

Gravferder

Kyrkja vil fortsatt ha gravferder, men og her vil det bli endringar. 

Avgrensing på 50 personar gjeld i kyrkja nå, og difor vil gravferder bli haldne kun med dei næraste pårørande tilstades i kyrkja. Me oppmodar difor til at ein syner respekt og medkjensle på anna vis enn å møta opp i kyrkja. 

Kondolanse bør skje utan handhelsing, klem eller anna fysisk  kontakt.

Dei tilsette skal ikkje handhelse.

Det blir oppmoda til å ikkje kondolera ved grava.

Andre arrangement

Alle arrangement i kyrkjene våre og i Kyrkjestova Fredheim vert avlyst.

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!