Fellesskap er viktig både rundt lunsjbordet og blant leikene på golvet. Mat og prat for småbarnsforeldre er kvar mandag mellom kl. 12.00 og 14.00 og er ei stund midt på dagen i kyrkja med fellesskap, servering av gratis lunsj og leiker på golvet til barna.  Kom når det passar i dette tidsrommet og bli så lenge de ønskjer. 

Songskatt er ei kort samlingsstund på golvet med song, rim og regler. Det er songskatt annakvar mandag kl. 11.30-11.50. Velkomen til songskatt følgjande mandagar i vår: 27.januar, 10.februar, 9.mars, 23.mars, 20.april, 4.mai og 18.mai.

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!