Onsdag 7. juni kl. 20.00 blir det konsert med Trio Vest i Nysæter kyrkje. Dette er omlag det siste trioen gjer før dei legg inn årene, så dette er bortimot siste sjanse til å høyra Trio Vest. Trioen har vore aktiv i mange år og er no sett saman av Grete Hylland på fløyte, Jarle Kristoffersen på cello og Magnus Blom på piano. Forutan trioen kjem kantoren i Nysæter kyrkje, Bjarte Aadland til å spela ein del orgelmusikk. Konsertprogrammet skal spenna vidt, frå Bach via Mozart, Tsjaikovskij og Brahms til Grieg og Geirr Tveitt med fleire. Eit stykke av Magnus Blom står og på programmet, dessutan litt jazzige tonar for kyrkjeorgel. Me vonar og trur dette skal bli ei fin musikalsk stund i det fine kyrkjerommet i Sagvåg. Inngangspengar er kr.150,-
Velkommen!

Jorunn 3Ved gudstenesta i Nysæter kyrkje kommande søndag (14. mai) kl.11.00 blir det ein litt annleis vri på postludiet. Då dansar Jorunn Whittaker til Bach sitt monumentale orgelpreludium i c-moll.
Ved orgelet sit kantor Bjarte Aadland. Jorunn Whittaker er proff dansar og er for tida tilsett i Stord kommunale kulturskule. Mange huskar henne nok frå ballettførestillinga Askepott i kulturhuset for kort tid sidan.
Velkommen til spennande gudstenestedans!
barbro og Ingjerd kopiFørstkommande onsdag, 22. februar kl.19.30 inviterer Nysæter kyrkjelyd til temakveld i Nysæter kyrkje. Kvelden har fått tittelen "Einast i von til Gud er mitt hjarta stille". Det er mykje uro i verda, og mange kjenner på at kvardagen kan vera eit jag og mas. Difor vil me invitera til ein kveld der ein kan senka skuldrene og finna ei roleg stund. Det blir undervisning om fastetid, det blir vakker musikk, song og bøn. 

Les meir …

PROGRAM TEMAKVELD ONSDAG 15.FEBRUAR I STORD KYRKJE
"Løft jubelrop til Herren hele jorden"

Les meir …

IMGP9297Sanctus med spennande korprogram!
Kyrkjekoret Sanctus er igong att etter nyttår, og då er det slik at me gjerne ynskjer nye songarar velkomne til å vera med oss.
På programmet vårt no framover er nok hovudsatsinga Erik Hillestad og Kjetil Bjørnstad si messe ved navn "Messe for en såret jord". Denne skal framførast i månadskiftet september/oktober. Dette er ei moderne messe viss ein kalla det for det (tekstleg og musikalsk), musikalsk har den element av både klassisk korsong, jazz, pop og rock. Medverkande er då koret, songsolist, band og bratsj/fiolin. Me ynskjer gjerne fleire songarar med oss på denne messa. Om nokon skulle ha lyst til å ta del berre på denne, så er det jo mulighet for det også.

Les meir …

Søndag 4. desember inviterar Stord kyrkjelyd til julekonsertar! Lokale korps og kor deltek. Kyrkjelyden får høve til å delta i allsongen med dei kjære og kjente julesalmane våre! Dette har vorte ein flott tradisjon som me gler oss til! Velkomne!

Julekonsert kl 17.30:
Langeland skulekorps, Lovsangsbrødrene, Rommetveit skulekorps, Stord skulekorps

Julekonsert kl 20.00
Stord musikklag, Stordabuen, mMokkat, Stord con spirito, Stordkoret, Leirvik Mannskor

PlakatKyrkjelydSokneråda i Nysæter og Stord har eit felles kulturutval og det er i dette utvalet ideen om ein festival har vokse fram. I år vert det fire konserter men på sikt skal festivalen innehalda både konserter, utstillingar, foredrag, eigne barne- arrangement og mykje anna. Festivalen går over ei veke og i år er det fra 15.-23. oktober.

Les meir …

IMGP6183ONSDAG 31 AUGUST KL 19.30 startar kyrkjekoret Sanctus opp att i Nysæter kyrkje. Kom om du er glad i å syngja,
me treng fleire songarar!

Me ønskjer gamle og nye songarar
velkomne til ein kjekk korhaust!

Du må gjerne ta kontakt på tlf 41177943 (Marit) eller 91886441 (Berit).
Velkommen!
EIK kopiEtter å hatt stor suksess med to konsertar i Kenneth Sivertsen sitt hus, sommaren 2015, vil EIK igjen spela rundt i distriktet. Laurdag 9. juli kl.18 kjem trioen til Stord kyrkje der dei byr på både kjende og mindre kjende songar og komposisjonar av Kenneth Sivertsen. I tillegg til å ha utvida repertoaret ytterligare frå tidlegare konsertar, vil trioen og by på sjølvlaga komposisjonar.
EIK består av Gunvald Ottesen, Øystein Heide Aadland og Joakim Vikanes. Trioen vart til i 2015 då dei spela to utselde konsertar i Kenneth Sivertsen sitt hus. Der hylla dei musikken hans gjennom eigne tolkningar. No er du velkommen til å høyre dei i Stord kyrkje 9.juli!
bjerkrheim.png kopi kopi kopi kopi kopi kopiSøndag 1. mai kl.19.30 blir det ein konsert litt utanom det vanlege i Nysæter kyrkje. Utgangspunktet er salmar og songar av salmediktaren Trygve Bjerkrheim. Kantoren Olav Arne Steinkopf har laga jazzarrangement for kor og jazzband av eit knippe Bjerkrheimsalmar, som t.d. "Han tek ikkje glansen av livet", "Det er makt i de foldede hender" og fleire. Det er noko av dette materialet kyrkjekoret Sanctus har jobba med og skal framføra denne søndagskvelden saman med Øystein Aadland kvintett. Vår lokale og dyktige songar Ingjerd Kannelønning Kolstad skal vera solist med koret.Det kan nevnast at Sanctus er noko forsterka for anledningen.

Les meir …

Trio vest kons.11.febr 2016 kopiNeste torsdag 11. februar kl.19.00 blir det ein musikkmeditasjon i Nysæter kyrkje med utgangspunkt i J.S.Bach sin musikk.
Trio Vest, for tida sett saman av Luana Gundersen (fløyte), Jarle Kristoffersen (cello) og Magnus Blom (piano) er sentrale i opplegget, og me får høyra dei både solistisk og i samspel.

Les meir …

Søndag 24. januar kl.19 blir det konsert i Nysæter kyrkje med musikk av Knut Nystedt. Nystedt døydde for vel eitt år sidan, 99 år gamal. Han blei sett på som ein av dei viktigaste norske og nordiske komponistane i si tid. I utlandet er musikken hans kjent på linje med musikken til Edvard Grieg. Nystedt skreiv musikk for konsertsalar og kyrkjerom, musikk som blei og blir framført over store deler av verda. Særleg har kora i USA framført mykje kormusikk av Nystedt. Under konserten i Nysæter kyrkje får vi høyre musikk for orgel og for kor. Mellom anna får vi høyre verk som Nystedt skreiv for Det Norske Solistkor, eit elitekor som han starta opp og leia gjennom mange år. Vi får og høyre Svein Törnquist kåsere om komponisten. Tone Heide leiar eit prosjektkor sett saman for denne konserten, og koret Sanctus, koret i Nysæter kyrkje, blir leia av Bjarte Aadland. Kora syng og i lag. Aadland står også for orgelmusikken.Me nemner og at det blir enkel servering etter konserten.

Velkommen til fin konsert!

SommerlandetPlakatLaurdag 14. november kjem dirigent Per Oddvar Hildre og Hardangerkoret til Nysæter kyrkje med «Sommerlandet» - ord og tonar om sorg, håp og trøyst.
Musikkversjonen av Eyvind Skeie si bok «Sommerlandet» er ein stille meditasjon over sorga sine mange sider. Konserten er opplesing av boka i ein vev av vakre songar og musikk. Temaet er sorg og sorgreaksjon, og verket grip både publikum og utøvarar sterkt. Tekstane er skrivne av Eyvind Skeie, melodiane er komponert av Galib Mamedov og arrangert av Tord Gustavsen.
Birgitte Velsvik, songsolist
Merethe Gauden, forteljar
Per Arild Skorgen, piano
Arild B. Nielsen, perkusjon / trompet
Torbjørn Hillersøy, bass
Billettsal ved inngang: vaksne kr.250 - student og barn kr.150
Også i år vert det to konsertar med lokale kor og korps i Stord kyrkje. Tidspunkt er søndag 6. desember, kl. 17.30 og kl. 20.00. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om de vil vera med!
Onsdag 4. november kl. 19.00 ynskjer me velkomen til den tredje temakvelden hausten 2015: Konsert med Sigvart Dagsland saman med Torjus Vierli (piano/keyboards, trekkspill & song).
Sigvart Dagsland tar oss med; frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokale prestasjonar. Alltid med eit skrått og til tider gapskrattande blikk på livet sine mange fasettar, alltid med ein djup respekt for dei band som bind artist og publikum, forteljar og lyttar, saman.

Les meir …

IMG2029Onsdag 21.januar kl 19.00 vert det konsert i Nysæter kyrkje der Sagvåg musikklag blir ein hovedaktør. Langeland skulekorps og Sagvåg skulekorps blir og med på konserten. Sanctus vil ha ei rolle som forsongarar, og Bjarte Aadland spelar saman med messingblåsarane på orgel. Endeleg har Arnt Johan Vistnes ansvar for det verbale og ordlege. På denne konserten kan ein altså lytta til vakker messingblås- og orgelmusikk, ein kan få vera med og syngja hymner, og ein kan få lytta til det som blir sagt. Hjarteleg velkommen til konsert i Nysæter kyrkje!

20141207Søndag 7. desember var det to flotte julekonsertar med lokale kor og korps i Stord kyrkje. I år var desse med:
kl. 17.30: Langeland skulekorps; Rommetveit skulekorps; Stord skulekorps (juniorkorps og hovudkorps); Koret Festivo; Øyvind Hognestad, trompet; Jan Overweg, orgel.
kl. 20.00: Stord musikklag; Stordabuen; Stordkoret; Leirvik mannskor; mMokkat; Trio Einar Steinkopf, Tiril Einarsdotter,  Maria Malmsten.
Her fylgjer ein liten bildereportasje.

Les meir …

RequiemStordkoret framfører Mozarts Requiem søndag 2. november kl.19.00 i Stord kyrkje.

Wolfgang Amadeus Mozart (1756 – 1791) døydde berre 35 år gamal, men rakk å komponere over 600 verk frå alle musikalske sjangrar. Mange reknar Requiem som noko av det vakraste innan klassisk musikk. Stordkoret med orkester og solistar framfører dette verket i Korskirken i Bergen 1. november, og i Stord kyrkje 2. november.

Les meir …

BremnesKantori14Laurdag 27. september kl. 17.00 vert det konsert med Bremnes kantori i Stord kyrkje. Bremnes kantori vart etablert av noverande dirigent Jostein Molde i 1989 og feirar såleis 25-årsjubileet med ein konsert. I Stord kyrkje på laurdagen og Bremnes kyrkje søndagen. Koret vert akkompagnert av eit lite orkester. Orlaug Evensen og Alise Jonassen, fiolin - Oda Trøen Habbestad og Nina Lange, 2. fiolin - Øystein Torp, bratsj - Jarle Kristoffersen, cello - Helge Haaland, kontrabass - Håkon Hansen og Øyvind Skjørshammer Hognestad, trompet og Jan Overweg, orgel. Solist er Karsten Nesse.

Les meir …

Bjarte Aadland spelar eigen komposisjon over folketonen frå Stord "Nå hviler mark og enge" på orgelet i Nysæter kyrkje.



Side 1 av 3

Kyrkjemusikarane

STORD KYRKJE:
kantor Jan Overweg
tlf 53403437
m 90197069


NYSÆTER KYRKJE:
kantor Bjarte Aadland
tlf 53409532
m 93616936

Ta gjerne kontakt med oss!

 

Konsertar

DATO * MERKNAD
søndag 02.07.17 kl.18:00 Nysæter kyrkje Mikael Wiehe
søndag 24.09.17 kl.00:00 Stord kyrkje KyrkjeLyd-festival