"Me er alle vitner". Slik innleier prostiprest Egil Larsen søndagens preken. Han fortel vidare at vitnespyrdet frå Jesu læresveinar om det dei hadde sett, høyrt og opplevd saman med Jesus er stort og betydningsfullt. Trua vår er fundamentert på dette vitnespyrdet. Vitnespyrdet skapte tru og danna grunnlaget for kyrkja. 

Velkomen til filmgudsteneste frå Nysæter kyrkje. I tillegg til Egil Larsen deltek diakon Lisbeth Nygård. Musikken er det ein dyktig jazztrio som står for. Takk til Øystein Heide Aadland, Ørjan Lægreid og Henrik Nesse. Takk og til Magne Langåker for film og redigering. 

Takkoffer i gudstenesta går til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkja, vipps nr 124663. (merk takkoffer 24/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/420633425

I dagens familiegudsteneste frå Heishuset ved Litlabø gruver fortel Elisabeth om ein spesiell stafett. Ein stafett som starta på den aller første Kristi Himmelfartsdagen og som sidan har gått frå generasjon til generasjon og frå land til land. Og enda er ikkje stafetten ferdig!

Velkomen til å vera med på familiegudsteneste på Kr.Himmelfartsdag. Medverkande sokneprest Olav J Oma, kyrkjelydsped. Elisabeth Fauskanger og kantor Bjarte Aadland. Me er glad for at Alma Othilie Ørjasæter og Guro Dyrøy og ville vera med! Takk for at de les dagens bibeltekst i Markus 16, 19-20 og syng så fint! Takk til Venelaget for gruvene for lån av heishuset til filming. Og stor takk og til Magne Langåker for film og redigering, kva skulle me gjort utan deg?

Takkoffer går til KFUK/KFUM lokalt, nytt vipps nr 124663, (merk takkoffer 21/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/420216036

 

"Eg er bare meg" seier Jørgen Knutsen i dagens preik. Og han legg til "men han som Johannes kjenner og skriver om han er uendeleg mykje meir". Søndagens bibeltekst har overskrifta Det sanne vintreet og står i Evangeliet etter Johannes 15, 1-8. 

Velkomen til å vera med på filmgudsteneste frå Nysæter kyrkje. Medverkande Jørgen Knutsen og Lisbeth Nygård. Song og musikk ved Olav J Oma, Bjarte Aadland og Eva Meyer Eide.Takkoffer til Misjonsprosjektet, bruk vippsnr 124663, (merk takkoffer 10/5).

Takk til Magne Langåker for filming og redigering. Du kan sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/415933555

Det skulle vore konfirmasjonsgudsteneste i Stord kyrkje 3. mai. Kyrkja skulle vore pynta til fest, fullsett med spente konfirmantar og festkledde menneske.

Nå ser me fram til konfirmasjonar i haust og ønskjer deg velkomen til å vera med på ei flott filmgudsteneste frå Stord kyrkje i dag istadenfor. Medverkande Olav J Oma, Brynhild M Stautland og Ole Jørgen Furdal. Takk til Eline Hellesøy og Sara Almås som deltek med song, musikk og bøn og Ole Jacob Hystad som er med på saksofon. Takk og til Magne Langåker for film og redigering.

Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Vippsr 124653, (merk gjerne med takkoffer 3/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: https://vimeo.com/413572082

 

"Korleis hadde det vore hos oss om Jesus fekk bestemma?" spør sokneprest Jørgen Knudsen i andakten 1. mai. Og han legg til; " Me er elska av Gud, difor skal me elska kvarandre. Trua vår og livet vårt er ikkje berre lause tankar. Det skal vera levd liv hos oss".

I tillegg til Jørgen Knudsen medverkar Olav J Oma og Bjarte Aadland i gudstenesta frå Nysæter kyrkje. Takk til Magne Langåker for film og redigering.

Sjå gudstenesta på denne linken: https://vimeo.com/412833433

"Eg er den gode gjetaren" seier Jesus. "Eg kjenner mine og mine kjenner meg". Velkomen til å vera med på filmgudsteneste frå Nysæter kyrkje på hyrdesøndagen. Olav J Oma tek utgangspukt i søndagens tekst i Johannes 10, 11-18. Lisbeth Nygård er liturg og Bjarte Aadland kantor,

Takk til Eva Meyer Eide som er med på fiolin og som saman med Bjarte startar gudstenesta med å spele "Danse mot vår". Me er takksame for at Magne Langåker filmar og redigerar filmgudstenestene frå kyrkjene våre.

Takkoffer denne søndagen går til kyrkjelydsarbeidet, bruk vippsnr 124663. (Merk gjerne med "takkoffer 26/4). Sjå gudstenesten på denne linken;

https://vimeo.com/411322080

Påska var over. Folkefesten i Jerusalem var over. Læresveinane hadde dratt tilbake til sine heimplassar. Kva tenkte dei? Korleis hadde dei det nå?

Velkomen til å vera med på filmgudsteneste frå Stord kyrkje. Jørgen Knutsen tek utgangspunkt i søndagens tekst i Johannes 21, 1-14. Ellers medverkar Ole Jørgen Furdal og Olav J Oma. Takk til Per Høyland og Kristin og Ingvild Skumsnes som deltek med song og musikk. Stor takk til Magne Langåker for film og redigering. 

Takkoffer til Kirkens bymisjon på Stord. Vippsnr 124653, merk gjerne med "takkoffer 19/4"

Sjå gudstenesta ved å trykke på linken under:

https://vimeo.com/408374496

 Påskedag med den tome grava til Jesus er det viktigaste teiknet me har på at Jesus sigra over døden. Guds kjærleik til oss menneske er så stor  at han lot Jesus døy på korset og stå opp igjen for vår skuld. Bli med oss å syng; "Korset er tomt! Grava er tom! Jesus stod opp og han lever!

Velkomen til å bli med på påskedagsgudsteneste for heile familien frå Nysæter kyrkje. Medverkande Jørgen Knutsen, Elisabeth Fauskanger, Bjarte Aadland og Rune Koppang. 

Takkofferet går til kyrkjelydane sine misjonsprosjekt i Bangladesh og Estland. Bruk Vippsnr 124653 i Stord eller 124663 i Nysæter. 


Takk til Magne Langåker for film og redigering. Du ser gudstenesta ved å trykke på linken under; 

https://vimeo.com/404038896