• 0603-2_egypt_baw_265
  • 0802_egypt_baw192
  • 16_Bilde2_Maggie
  • Egypt_2013_1334
  • Egypt_2013_139
  • IMG_2705
  • Nigeria__Egypt_2012_171
  • opt0610_egypt_bjora1577
  • redMamma_Maggie_VL2


Bilete: Stefanusalliansen

Misjonsprosjekt Stord kyrkjelyd

Misjonsprosjektet i Stord sokn er Normisjon sitt arbeid i Bangladesh. Der arbeider Gerd Eli og Hallgeir Haaland som misjonærar. Hallgeir er frå Stord, dei er begge utdanna legar og bur i Dakha med familien.

Normisjons samarbeidsland i Asia ligg i det området i verda med lågast andel kristne. Asia-basen ynskjer å styrke og utruste kristne i dette området. Hallgeir arbeider med leiartrening og Agenda1. Han koplar ulike kristne kyrkjer saman for å vitne om den kristne trua og byggje ein fellsskap mellom dei kristne i Bangladesh. Målet er å styrke og utruste leiarar i kyrkjene, slik at dei kan bli meir åpne og tilstades i nærmiljøet.

Gerd Eli gjev helsehjelp til kvinner (og barn) som har vore i prostitusjon og ofte er offer for menneskehandel. Ho er tilknytta Basha, som er eit senter der utsette kvinner får rehabilitering og opplæring slik at dei kan tene sine eigne pengar og få eit nytt liv. Ho jobbar også med foreldrerettleiing.

Stord kyrkjelyd støttar arbeidet med ofringar i kyrkja og forbøn i gudstenestene. Målet er å samle inn minst 50 000 kroner i året.