• 0603-2_egypt_baw_265
  • 0802_egypt_baw192
  • 16_Bilde2_Maggie
  • Egypt_2013_1334
  • Egypt_2013_139
  • IMG_2705
  • Nigeria__Egypt_2012_171
  • opt0610_egypt_bjora1577
  • redMamma_Maggie_VL2


Bilete: Stefanusalliansen

Misjonsprosjekt Stord kyrkjelyd

Misjonsprosjektet STEFANUS-barna
Mamma Maggie sitt arbeid blant koptarane i Kairo

Mamma Maggie kjem frå ein velståande familie i Kairo, Egypt. I 1985 vart ho merksam på kor mange trussøsken hennar, dei kristne koptarane, lever i djup fattigdom.

Mange av koptarane har flykta frå diskriminering og press i Øvre Egypt, og kjem til hovudstaden med ein draum om eit betre liv. Diverre endar mange opp med å sortera søppel. Det blir for mange eit liv i og med søppel, som raskt forverrar helsesituasjonen. Mange mistar både identitet og sjølvrespekt.

Gjennom organisasjonen Stefanusbarna får fattige koptarar hjelp, framtid og håp. Mamma Maggies visjon er å:

  • Utdanna, styrkje og gje omsorg til dei fattigaste av dei fattige  - barn, unge og deira familiar.
  • Redda liv, formidla håp og atterreisa sjølvrespekt.
  • Forandra dei som undertrykka til å bli produktive medlemer i samfunnet, og til å bli menneske som kan forandra tilhøve i sitt eige nærmiljø.

Grunnsteinen i det arbeidet som Stefanusbarna driv, er oppfylgjing av den enkelte familie. Ein sosialarbeidar kjem på regelmessig vitjing. Han har med seg mat, forteljar frå Bibelen, og lærer barna ny songar. Han fylgjer opp praktiske behov, syter for at dei som er syke får hjelp. Stefanusbarna driv også over 80 barnehagar i heile Egypt.

Gjennom barnehagane får barna ein fristad frå slummen, der dei vert sett, får leika og læra. Dei får eit pedagogisk grunnlag før dei byrjar på skulen.

Aktivitetar for Stefanusbarna:

  • Fleire enn 13000 familiar får med jamne mellomrom besøk av sosialarbeidarar.
  • Fleire enn 80 barnehagar, med nær 12000 barn og 900 tilsette.
  • Kvart år vert det arrangert leirar for barn i alderen 8 - 19 år. Dei får koma ut av slummen, får næringsrik mat, oppredd seng, og tek del i aktivitetar. Dei får grundig bibeludervisning og opplæring i drama og musikk.
  • Årleg vert det delt ut meir enn 40000 matpakker i samband med jule- og påskefeiringa.
  • Førstehjelp og legebehandling inngår som ein viktig del av hjelpeprogrammet.
  • Ein har starta med skuleklassar med undervisning i vanlege skulefag. Samtidig får barna læra om sin eigen koptiske kultur.
  • Tre yrkjesskular der ungdom kan læra skomakarfag og strikking. Dette kan gje dei høve til å forsørga seg sjølv når dei blir voksne.


Helsing frå Mamma Maggie:

På vegne av alle barna vi får lov til å hjelpa, vil eg gjerne bringa deg ein takk. Takk for at du tok deg tid til å bli kjent med dette arbeidet. Det forandrar livet til titusenvis av barn og deira familiar. Gud har sanneleg velsigna oss, og gjeve oss enda fleire barn enn vi hadde håpa. Vi har fått eit fantastisk høve til å nå ut til så mange barn som lider naud. Mi bøn er, at Gud framleis vil trekkja oss nærmare til seg, ved å gje oss stadig fleire barn - barn som treng Jesu Kristi kjærleik.

Stord sokneråd har samarbeidsavtale med Stefanusalliansen om å støtta prosjektet.

pdfStefanusbarna.pdf
pdfKyrkjelydsprosjekt.pdf

Meir informasjon: www.stefanus.no