Uvanleg korprosjekt i Nysæter kyrkje.
Søndag 1. oktober kl. 19.00 skal det spennande kor/bandprosjektet "Messe for en såret jord" framførast i Nysæter kyrkje. Dette er avslutninga av kyrkjekulturfestivalen KyrkjeLyd. Denne messa har tekstar av Erik Hillestad og musikk av Ketil Bjørnstad og vart komponert i 1992.

Denne messa har tekstar av Erik Hillestad og musikk av Ketil Bjørnstad og vart komponert i 1992. Reint musikalsk kan ein seia at dette er crossovermusikk då her er element av både klassisk, pop, rock og jazz i ei messe. Frå roleg Introitus,via spenstig Gloria til eit meir rocka Credo. Til slutt roar det heile seg ned med Velsigninga: "Herre gi jorden fred".

Tekstleg er det her snakk om eit moderne språk. Konflikten mellom jorda og menneska er eit viktig element, der solist er Moder Jord og koret er menneska. Det står elles i noten: "Ei messe for vår tid, ein utrykksmåte for håp. Det kjem ein dag, men fram til den tid kjem kvar generasjon sitt Kyrie eleison - Herre, forbarm deg".
Det er eit utvida kor Sanctus som står for kordelene av verket. Instrumentalt har Øystein Heide Aadland fått med seg fire masterstudentar frå Rytmisk utdanning på Universitetet i Agder (sopransolist, tangent, gitar, bass og slagverk). I tillegg er det med lokal fiolinist frå Musikklinja på Stord vidaregåande skule.
Me ser fram til å framføra denne spennande og utradisjonelle messa i Nysæter kyrkje. Velkommen til konsert!

Konsertar

Kyrkjemusikarane

STORD KYRKJE:
kantor Ole Jørgen Furdal
m 90143989

NYSÆTER KYRKJE:
kantor Bjarte Aadland
tlf 53409532
m 93616936

Ta gjerne kontakt med oss!