IMGP9297Sanctus med spennande korprogram!
Kyrkjekoret Sanctus er igong att etter nyttår, og då er det slik at me gjerne ynskjer nye songarar velkomne til å vera med oss.
På programmet vårt no framover er nok hovudsatsinga Erik Hillestad og Kjetil Bjørnstad si messe ved navn "Messe for en såret jord". Denne skal framførast i månadskiftet september/oktober. Dette er ei moderne messe viss ein kalla det for det (tekstleg og musikalsk), musikalsk har den element av både klassisk korsong, jazz, pop og rock. Medverkande er då koret, songsolist, band og bratsj/fiolin. Me ynskjer gjerne fleire songarar med oss på denne messa. Om nokon skulle ha lyst til å ta del berre på denne, så er det jo mulighet for det også.



Elles får Nysæter kyrkje besøk av salmediktar Eyvind Skeie utpå våren,og Martin Luther skal markerast både i Stord og Nysæter kyrkje.Ved begge desse høva er Sanctus viktige brikkar.

Så om du har lyst til å vera med oss og syngja så er du hjarteleg velkommen!

Me øver i Nysæter kyrkje onsdagar frå kl 19.30.

Kyrkjemusikarane

STORD KYRKJE:
kantor Ole Jørgen Furdal
m 90143989

NYSÆTER KYRKJE:
kantor Bjarte Aadland
tlf 53409532
m 93616936

Ta gjerne kontakt med oss!