Korleis jobba med musikk i kyrkja og spele for folk når gudstenstene, som er ein så viktig del av kyrkjemusikken, blir avlyst?

På Stord har kantorane Ole Jørgen Furdal og Bjarte Aadland spelt inn og publisert musikk på kyrkja si facebook og nettside kvar torsdag. Nokre gonger aleine, men fleire innslag har vore i samarbeid med andre musikarar eller songarar. På denne måten har kyrkja på Stord ikkje bare engasjert utøvande musikarar og songarar, men ikkje minst alle dei som har sett og lytta til musikken. Me var heldige som har fått samarbeide med fotograf Magne Langåker i denne tida, han har tatt opp musikken som er lagt ut, noko som har sikra god lyd og biletekvalitet. 

 biletet viser Magne Langåker som tek opp musikk i Nysæter kyrkje. Jazztrioen som speler består av Øystein Heide Aadland piano, Ørjan Lægreid bass og Henrik Nesse slagverk.

Her er linkar til mykje flott song og musikk. God fornøyelse.

Kenneth Siversten, jazz frå Nysæter kyrkje https://vimeo.com/420768032

Per Høyland (piano) og Ingvild Skumsnes(song) Til alle tider https://vimeo.com/428004668

Fred Ola Bjørnstad syng Apostlene satt i Jerusalem https://vimeo.com/423276901

Henning Sommero, jazz frå Nysæter kyrkje https://vimeo.com/420765743

Jazz salme frå Nysæter kyrkje https://vimeo.com/420762234

Ingjerd Kannelønning Kolstad syng No livnar det i lundar https://vimeo.com/418572301

Ole Jacob Hystad (saksofon) og Ole Jørgen Furdal (piano) speler Blå salme https://vimeo.com/413920105

Ved Rondane, Ingjerd K Kolstad syng https://vimeo.com/428442685

Ole Jacob Hystad saksofon og Ole J Furdal Almighty God https://vimeo.com/428445464

Barbro Høyland Andersen (fløyte) og Bjarte Aadland (piano) https://vimeo.com/430379270

 

Kyrkjemusikarane

STORD KYRKJE:
kantor Ole Jørgen Furdal
m 90143989

NYSÆTER KYRKJE:
kantor Bjarte Aadland
tlf 53409532
m 93616936

Ta gjerne kontakt med oss!