Uvanleg korprosjekt i Nysæter kyrkje.
Søndag 1. oktober kl. 19.00 skal det spennande kor/bandprosjektet "Messe for en såret jord" framførast i Nysæter kyrkje. Dette er avslutninga av kyrkjekulturfestivalen KyrkjeLyd. Denne messa har tekstar av Erik Hillestad og musikk av Ketil Bjørnstad og vart komponert i 1992.

Jorunn 3Ved gudstenesta i Nysæter kyrkje søndag 14. mai kl.11.00 blir det ein litt annleis vri på postludiet. Då dansar Jorunn Whittaker til Bach sitt monumentale orgelpreludium i c-moll.
Ved orgelet sit kantor Bjarte Aadland. Jorunn Whittaker er proff dansar og er for tida tilsett i Stord kommunale kulturskule. Mange huskar henne nok frå ballettførestillinga Askepott i kulturhuset for kort tid sidan.
Velkommen til spennande gudstenestedans!

Tysdag 4. april kl.20.00 vert det salmekveld med den framståande norske salmediktaren Eyvind Skeie i Nysæter kyrkje. Skeie er ein av dei salmediktarane som vert sunge og nytta mest i gudstenestene våre - han har heile 38 salmar i Norsk salmebok (2013). I tillegg kjem 17 omsetjingar. Salmar som kan nevnast er "Tenn lys", "En stjerne skinner i natt", "Vi skal se deg, Herre Jesus" og "Vi synger med Maria". Det kan nemnast at Skeie har over 1500 salmar og songar registrert i TONO.

barbro og Ingjerd kopiFørstkommande onsdag, 22. februar kl.19.30 inviterer Nysæter kyrkjelyd til temakveld i Nysæter kyrkje. Kvelden har fått tittelen "Einast i von til Gud er mitt hjarta stille". Det er mykje uro i verda, og mange kjenner på at kvardagen kan vera eit jag og mas. Difor vil me invitera til ein kveld der ein kan senka skuldrene og finna ei roleg stund. Det blir undervisning om fastetid, det blir vakker musikk, song og bøn. 

PROGRAM TEMAKVELD ONSDAG 15.FEBRUAR I STORD KYRKJE
"Løft jubelrop til Herren hele jorden"

IMGP9297Sanctus med spennande korprogram!
Kyrkjekoret Sanctus er igong att etter nyttår, og då er det slik at me gjerne ynskjer nye songarar velkomne til å vera med oss.
På programmet vårt no framover er nok hovudsatsinga Erik Hillestad og Kjetil Bjørnstad si messe ved navn "Messe for en såret jord". Denne skal framførast i månadskiftet september/oktober. Dette er ei moderne messe viss ein kalla det for det (tekstleg og musikalsk), musikalsk har den element av både klassisk korsong, jazz, pop og rock. Medverkande er då koret, songsolist, band og bratsj/fiolin. Me ynskjer gjerne fleire songarar med oss på denne messa. Om nokon skulle ha lyst til å ta del berre på denne, så er det jo mulighet for det også.

Konsertar

Kyrkjemusikarane

STORD KYRKJE:
kantor Ole Jørgen Furdal
m 90143989

NYSÆTER KYRKJE:
kantor Bjarte Aadland
tlf 53409532
m 93616936

Ta gjerne kontakt med oss!