sorgomsorgStord kyrkje er open helgemessesøndag - 5. november - frå kl. 15.00 til 18.00. For mange som har mista ein av sine kjære er helgemessesøndagen ein spesiell dag, og mange brukar å besøkja gravplassen. Me vonar at nokon kan synast det er godt å koma inn i kyrkja ein slik dag. Her kan ein setja seg ned i stillhet og la tankane flyta. Ein kan rusla rundt med born, teikna, tenna lys, slå av ein prat over ein kopp kaffi/ te eller saft. Ei stund vert det tonar frå kyrkjeorgelet, elles heilt uformelt. Folk kan koma og gå som dei vil. Sorg - omsorg Stord vil vera til stades med sine representantar. Sorg – og omsorg Stord er eit samarbeid mellom kommunen, kyrkja, Stord Røde kors og Stord sjukehus.

Årsmelding frå diakoniutvalet for 2016 finn du her.

”Kom til meg, alle som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” seier Jesus.
Møte med Jesus har forandra livet til svært mange menneske, her på Stord og over heile verda. Ønsker du å snakke med ein av prestane eller diakon, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret. tlf. 53 40 34 30.

Om diakoni i Stord sokn og Nysæter sokn.

Diakon

Soknediakonstillinga står vakant