Ved ynskje om vigsel, ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf 53403430, så hjelper vi dykk til å finna ein ledig dato og tidspunkt. Mogelege tidspunkt for vigsel i Stord kyrkje og Nysæter kyrkje er kl 13.00, kl 14.15, kl 15.30 og kl 16.45. Det er og mogleg med vigsel i kapellet på HSH.

Ein enkel brosjyre om Vigsel i Den norske kyrkja kan du laste ned her.

Dersom de har inngått ekteskap borgarleg og ynskjer ei markering i kyrkja med forbøn for ekteskapet kan det avtalast på same måte som for vigsel. Liturgien "Forbøn for borgarleg inngått ekteskap" kan du laste ned her.

Ordning for vigsel:

(Last ned som pdf: nynorsk - english - deutsch - francais - espagnol )
(Skriftlesingar pdf: nynorsk)


1 Preludium/Inngang
Orgelmusikk eller annan høveleg musikk til preludium/inngang.
Brudeparet kan gå saman fram til koret og setja seg på plassane sine.
Dersom det er ønskjeleg, kan brudeparet, ein eller båe, forlovarar, representant(ar) for familiane, liturg og andre gå inn i kyrkja i prosesjon.
Deretter kan det framførast høveleg vokal- eller instrumentalmusikk.

2 Inngangsord

Anten A
L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.

Eller B
L Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Deretter kan ein ønskja brudeparet og bryllaupsfølgjet velkomne med desse eller liknande ord:
Kjære (namnet vert nemnt) og (namnet vert nemnt). De er komne hit til (kyrkja vert nemnd) for å inngå ekteskap. Vi er samla her for å gleda oss med dykk. Vi skal høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar.
Deretter kan liturgen seia:

Anten A
L Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.
Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du lèt dei drikka or gledebekken din.
For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos. Sal 36,8-10

Eller B
L Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn.
Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!
Sal 118,1.24

Eller C
L Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
1 Joh 4,16b

3 Salme

4 Skriftlesing
L Gud har skapt oss til å leva i samfunn med han og med kvarandre.
Han har ordna det såleis at mann og kvinne skal vera eitt,
og han har stadfest denne sameininga med si velsigning.
Ekteskapet er Guds gode gåve.
Å leva saman som mann og kvinne
er å leva i tillit og kjærleik,
dela gleder og sorger
og trufast stå attmed kvarandre livet ut.
Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande.
Det står skrive i Fyrste Mosebok:
Gud skapte mennesket i sitt bilete,
i Guds bilete skapte han det,
til mann og kvinne skapte han dei.
Gud velsigna dei og sa til dei:
«De skal veksa og aukast,
fylla jorda og leggja henne under dykk!» 1 Mos 1,27-28a

Og vår Herre Jesus Kristus seier:
Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet
skapte dei til mann og kvinne og sa:
«Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si
og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.»
Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt.
Og det som Gud har bunde saman,
det skal ikkje menneske skilja. Matt 19,4-6

L Lat oss vidare høyra frå Guds ord.
2-4 av dei følgjande tekstane eller andre høvelege skriftlesingar, minst éi frå kvart av dei to testamenta. Skriftlesingane kan lesast av medlemmer av bryllaupsfølgjet. Dei som skal lesa, går samla fram til lesepulten. Brudepar og kyrkjelyd sit under lesinga.
Siste lesinga vert avslutta med: ”Slik lyder Herrens ord.”

Her kan følgja

5 Salme
Salmen kan erstattast av høveleg vokal- eller instrumentalmusikk.

6 Tale
Liturgen held ein tale over eit av dei skriftorda som er lesne under ledd 4 eller over ein annan høveleg tekst.

7 Ekteskapsinngåing
L Kom no fram til Herrens altar, så vi kan høyra løfta dykkar til kvarandre
og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar.
Brudeparet går fram til altarringen.
Deretter følgjer

Anten A
L For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brura utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja.
L Vil du elska og æra henne og vera trufast hos henne i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brudgommen: Ja.
L Like eins spør eg deg, (det fulle namnet til brura utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja.
L Vil du elska og æra han og vera trufast hos han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brura: Ja.
L Så gjev kvarandre handa på det.
Brudeparet vender seg mot kvarandre og gjev kvarandre høgre handa.
Liturgen legg handa si på hendene til brudeparet.
L For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

Eller B
L For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg, (det fulle namnet til brudgommen utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brura utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja.
L Like eins spør eg deg, (det fulle namnet til brura utan tittel): Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen utan tittel), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja.
L Gjenta no etter meg.
Brudgom og brur vender seg til kvarandre. Dei gjev kvarandre hendene og vert ståande slik medan dei gjev løftet.
Liturgen les løftet ledd for ledd, deretter seier brudeparet det fram, den eine først.
L Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.
B Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.
L Eg vil elska og æra deg
B Eg vil elska og æra deg
L og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
B og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
L til dess døden skil oss åt.
B til dess døden skil oss åt.
Deretter vert løftet teke opp att på same måten av den andre ektemaken.
Liturgen legg handa si på hendene til brudeparet.
L For Guds åsyn og i nærvere av desse vitna har de no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

Her kan følgja

8 Overrekking av ringar

Anten A
L Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap.
Kvar av dei set ringen på fingeren til den andre.

Eller B
L Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet de har gjeve kvarandre.
Gjenta etter meg.
Liturgen les orda ledd for ledd, deretter seier brudeparet dei fram, den eine først.
L (Namnet), eg gjev deg denne ringen
B (Namnet), eg gjev deg denne ringen
L som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.
B som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.
Ringen vert sett på fingeren til den andre.
Deretter vert overrekkinga teken opp att på same måten av den andre ektemaken.

9 Forbøn
L Lat oss alle be.
Brudeparet kneler ved altarringen.
Liturgen ber for brudeparet, med handspålegging, ei av dei følgjande bønene, og avsluttar med Herrens bøn.
Eventuelt kan også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging.

I
Anten A
L Gode Gud, du som har innsett ekteskapet
og velsigna kvinne og mann, vi ber deg: Lat
di velsigning kvila over (namnet vert nemnt) og
(namnet vert nemnt) som her kneler for ditt
andlet. Fyll dei med din kjærleik, og bygg
heimen deira i fred. Sjå til dei i nåde, og styrk
dei med din Ande, så dei i gode og vonde
dagar set sin lit til deg, held trufast saman og
hjelper kvarandre fram mot det evige livet.

Eller B
L Gode Gud, vi takkar deg for (namnet vert
nemnt) og (namnet vert nemnt) og for deira
kjærleik til kvarandre. Velsign livet deira som
ektefolk.
Hjelp dei å halda dei løfta dei har gjeve
kvarandre, så ekteskapet deira kan fyllast av
tillit, omsut og glede.
Gjev dei evne og vilje til å byggja heimen sin
i fred, så den vert ein stad der [born kan veksa
opp i tryggleik og] familie og vener kan finna
fellesskap.
Du som er vegen, sanninga og livet, lat dei få
vandra i di sanning. Du som tilgjev og lækjer,
hjelp dei å tilgje kvarandre. Du som er
kjærleikens kjelde, gjev dei og alle ektefolk å
veksa og modnast i kjærleik.
II
Her kan ein føya til ei fritt utforma bøn, eventuelt kombinert med ljostenning.
Eventuelt kan kyrkjelyden syngja ein bønesalme (medan brudeparet kneler). Sjå til dømes NoS nr. 663, 674 eller
Salmer 1997 nr. 273.
Vigsel 9
 
III
L Lat oss saman be Herrens bøn.
A Fader vår, du som er i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt,
og makta og æra i all æve.
Amen.
Brudeparet set seg på plassane sine.

Her kan følgja

10 Musikk/symbolhandlingar
Deltakarar i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag.

11 Salme

12 Velsigning

Anten A
L vend mot kyrkjelyden
Lat oss prisa Herren.
Kyrkjelyden reiser seg
K Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.
L Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

Vigsel på Stord

DATO *
lørdag 01.07.17 kl.14:15 Stord kyrkje
lørdag 08.07.17 kl.15:00 Huglo
lørdag 05.08.17 kl.13:00 Stord kyrkje
lørdag 05.08.17 kl.14:15 Stord kyrkje
lørdag 12.08.17 kl.13:00 Stord kyrkje
lørdag 12.08.17 kl.14:15 Stord kyrkje
lørdag 12.08.17 kl.15:30 Nysæter kyrkje
lørdag 02.09.17 kl.13:00 Stord kyrkje
lørdag 09.09.17 kl.13:00 Nysæter kyrkje
lørdag 16.09.17 kl.14:00 Stord kyrkje
lørdag 23.09.17 kl.13:00 Stord kyrkje
lørdag 23.09.17 kl.15:30 Stord kyrkje