Det er bibeltekster om dåp denne søndagen som kallast 2.søndag i treeiningstida. Bibeltekster som fortel om korleis Gud opnar himmelen for oss. Olav J Oma les frå Apg.gj. 8,26-40 om Filip og den etiopiske hoffmannen. Me ber saman; "Gode Gud, vi takkar deg for dåpen der du tek imot oss og gjer oss til dine born". 

Liv Kari Bru inneleier med å synge salmen Så grønn en drakt, så rik en duft (Norsk salmebok nr 845) Og som postludium spelar Ole Jørgen Furdal Hymn to freedom av Oscar Peterson. 

Takkoffer går til MF, det teologiske menighetsfakultet. Bruk vippsnr 124653. Takk til Magne Langåker for film og redigering. Sjå gudstenesta på denne linken:

https://vimeo.com/425069933

Gudstenesta denne søndagen bli innleia med songen Salige visshet (norsk salmebok nr 490). Det er ei gruppe frå koret Sanctus som syng, akkompagnert av ein jazztrio beståande av Øystein H Aadland, Ørjan Lægreid og Henrik Nesse.

Diakon Lisbeth Nygård tek i si preike utgangspunkt i Misjonsbefalinga frå Matteus 28, 16-20. Ho fortel om korleis bodskapen om Jesus har gått frå slekt til slekt og seier "det er ingenting Jesus heller vil enn å vera saman med deg og meg". 

Takkoffer i gudstenesta går til kyrkjemusikalsk arbeid. Bruk vippsnr 124653. Takk til Magne Langåker for film og redigering.

Sjå gudstenesta frå treeiningssøndagen på denne linken

https://vimeo.com/423563442

Filmgudstenesta på pinsedag blir innleia med Fred Ola Bjørnstad som, saman med Ole Jørgen Furdal, syng salma Kom regn fra det høye (Norsk salmebok nr 226). Salma reflekterar over korleis Guds virke gjennom Den Heilage Ande skal få verda til å blomstra ved vår tru.

Egil Larsen preiker over bibelteksta i Johannes 20, 19-23 og seier "Pinse er den dagen me minnast eldtunger, framande språk og ulike folkegrupper som får høyra om Jesus for første gong på sitt tungemål". Olav J Oma deltek og i gudstenesta som blir avslutta med vakker musikk ved Ole Jacob Hystad på saksofon og Ole Jørgen Furdal på orgel.

Takkoffer til misjonsprosjektet til Normisjon i Bangladesh. Vipps nr 124653. Takk til Magne Langåker for film og redigering. Sjå gudstenesta på denne linken:

https://vimeo.com/422756394

"Me er alle vitner". Slik innleier prostiprest Egil Larsen søndagens preken. Han fortel vidare at vitnespyrdet frå Jesu læresveinar om det dei hadde sett, høyrt og opplevd saman med Jesus er stort og betydningsfullt. Trua vår er fundamentert på dette vitnespyrdet. Vitnespyrdet skapte tru og danna grunnlaget for kyrkja. 

Velkomen til filmgudsteneste frå Nysæter kyrkje. I tillegg til Egil Larsen deltek diakon Lisbeth Nygård. Musikken er det ein dyktig jazztrio som står for. Takk til Øystein Heide Aadland, Ørjan Lægreid og Henrik Nesse. Takk og til Magne Langåker for film og redigering. 

Takkoffer i gudstenesta går til Barne og ungdomsarbeidet i kyrkja, vipps nr 124663. (merk takkoffer 24/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/420633425

I dagens familiegudsteneste frå Heishuset ved Litlabø gruver fortel Elisabeth om ein spesiell stafett. Ein stafett som starta på den aller første Kristi Himmelfartsdagen og som sidan har gått frå generasjon til generasjon og frå land til land. Og enda er ikkje stafetten ferdig!

Velkomen til å vera med på familiegudsteneste på Kr.Himmelfartsdag. Medverkande sokneprest Olav J Oma, kyrkjelydsped. Elisabeth Fauskanger og kantor Bjarte Aadland. Me er glad for at Alma Othilie Ørjasæter og Guro Dyrøy og ville vera med! Takk for at de les dagens bibeltekst i Markus 16, 19-20 og syng så fint! Takk til Venelaget for gruvene for lån av heishuset til filming. Og stor takk og til Magne Langåker for film og redigering, kva skulle me gjort utan deg?

Takkoffer går til KFUK/KFUM lokalt, nytt vipps nr 124663, (merk takkoffer 21/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/420216036

 

"Eg er bare meg" seier Jørgen Knutsen i dagens preik. Og han legg til "men han som Johannes kjenner og skriver om han er uendeleg mykje meir". Søndagens bibeltekst har overskrifta Det sanne vintreet og står i Evangeliet etter Johannes 15, 1-8. 

Velkomen til å vera med på filmgudsteneste frå Nysæter kyrkje. Medverkande Jørgen Knutsen og Lisbeth Nygård. Song og musikk ved Olav J Oma, Bjarte Aadland og Eva Meyer Eide.Takkoffer til Misjonsprosjektet, bruk vippsnr 124663, (merk takkoffer 10/5).

Takk til Magne Langåker for filming og redigering. Du kan sjå gudstenesta på denne linken: 

https://vimeo.com/415933555

Det skulle vore konfirmasjonsgudsteneste i Stord kyrkje 3. mai. Kyrkja skulle vore pynta til fest, fullsett med spente konfirmantar og festkledde menneske.

Nå ser me fram til konfirmasjonar i haust og ønskjer deg velkomen til å vera med på ei flott filmgudsteneste frå Stord kyrkje i dag istadenfor. Medverkande Olav J Oma, Brynhild M Stautland og Ole Jørgen Furdal. Takk til Eline Hellesøy og Sara Almås som deltek med song, musikk og bøn og Ole Jacob Hystad som er med på saksofon. Takk og til Magne Langåker for film og redigering.

Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Vippsr 124653, (merk gjerne med takkoffer 3/5)

Sjå gudstenesta på denne linken: https://vimeo.com/413572082

 

"Korleis hadde det vore hos oss om Jesus fekk bestemma?" spør sokneprest Jørgen Knudsen i andakten 1. mai. Og han legg til; " Me er elska av Gud, difor skal me elska kvarandre. Trua vår og livet vårt er ikkje berre lause tankar. Det skal vera levd liv hos oss".

I tillegg til Jørgen Knudsen medverkar Olav J Oma og Bjarte Aadland i gudstenesta frå Nysæter kyrkje. Takk til Magne Langåker for film og redigering.

Sjå gudstenesta på denne linken: https://vimeo.com/412833433