Ordning for gravferd

(Last nedsom pdf: nynorsk - english )


1 Klokkeringing
Medan det vert ringt saman, tek liturgen plass i koret.

2 Preludium
Som preludium kan det framførast høveleg instrumentalmusikk, korsong eller solosong. Preludiet kan vera forspel til første salmen.

3 Salme
Denne salmen kan eventuelt flyttast til etter ledd 4.

4 Inngangsord
L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.
Vi er samla her for å ta avskil med (namnet vert nemnt). Saman vil vi overgje han/henne i Guds hender [og følgja han/henne til den siste kvilestaden].*
Så høgt har Gud elska verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3,16
Deretter kan liturgen halda fram med eit av desse skriftorda:

Anten A
Jesus seier: Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile. Matt 11,28

Eller B
Gud seier i sitt ord: Kall på meg den dag du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal prisa meg. Sal 50,15
* Teksten i klammer kan ein utelata ved kremasjon.

5 Inngangsbøn
L Lat oss be.

Anten A
Frå djupet ropar eg til deg, Herre.
Herre, høyr mi røyst!
Vend øyra til og høyr når eg tryglar og bed.
Dersom du vil gøyma på syndeskuld, Herre,
kven kan då verta ståande?
Men hjå deg er tilgjeving;
difor må vi ottast deg.
Eg ventar, ja, vonar på Herren,
eg ventar på hans ord.
Eg stundar etter Herren meir enn vaktmenn etter morgonen,
vaktmenn etter morgonen.
Venta på Herren, Israel!
For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing.
Herren skal løysa ut Israel frå alle deira synder. Salme 130,1-5

Eller B
Herre, du har vore ein bustad for oss
frå ætt til ætt.
Før fjella vart fødde,
før jorda og verda vart til,
ja, frå æve til æve er du, Gud.
Du lèt mennesket verta til støv att
og seier: «Vend tilbake, de menneskeborn!»
For tusen år er i dine augo
som dagen i går då han fór framom,
eller som ei nattevakt.
Lær oss å telja våre dagar,
så vi kan få visdom i hjarta! Sal 90,1-4.12

Eller C
Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte frå meg?
Kvifor hjelper du ikkje når eg klagar mi naud?
Eg ropar om dagen, Gud – du svarer meg ikkje,
og om natta, men eg finn ikkje ro.
Men, Herre, ver ikkje langt ifrå meg,
skunda deg og hjelp meg, du min styrke! Sal 22,2-3.20

Eller D
Heilage Gud, himmelske Far, du som rår over liv og død, når vi no skilst frå ein av våre kjære, då styrk oss i trua, så vi òg ved grava kan setja vår von til deg.
Herre Jesus Kristus, du trufaste Frelsar, som gjekk gjennom død og grav for oss: Ver hjå oss i vår siste naud og gjev oss eingong å samlast med deg og alle dine i huset åt Far din.
Heilage Ande, du vår trøystar i liv og død, fyll alle sørgjande med di trøyst. Fri oss frå åndeleg død, dra alle til deg og gjev oss å ha vår skatt i himmelen.

Eller E
Herre vår Gud, hjå deg er livsens kjelde.
I ditt ljos ser vi ljos.
I deg er det vi lever, rører oss og er til.
Hald oss fast i liv og død i din kjærleik,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre.

Eller F
Gode Gud, du som ser oss og kjenner oss, kom oss nær med di trøyst.

6 Minneord
Eit kort minneord vert framført av presten eller av ein representant for dei pårørande. Det bør innehalda nokre biografiske moment med særleg vekt på det den døde har hatt å seia for dei som stod han/henne nær, og for andre livssamanhengar der han/ho har vore verksam.
Her kan det følgja stutte helsingar, pålegging av blomar og/eller krans og eventuelt andre minnehandlingar, som opplesing, musikk, lystenning o.a.

Her kan følgja

7 Salme eller musikkinnslag
Eventuelt musikkinnslag kan vera vokalt eller instrumentalt.

8 Skriftlesing

L Lat oss høyra kva Guds Ord vitnar om livet og døden, om dommen og vår von i Jesus Kristus.
Her følgjer tre lesingar. Tekstane vel ein slik at dei dekkjer dei innhaldsmomenta som er nemnde her framfor.
Kyrkjelyden sit under lesinga.
Tekstane kan lesast av liturgen eller av ein eller fleire andre.
Skriftlesinga vert avslutta med:
L Slik lyder Herrens ord.

Her følgjer eventuelt

9 Salme
Dersom ledd 7 er ein salme, kan ledd 9 gå ut.

10 Tale
Kort tale over eit av dei opplesne skriftorda eller over ein annan høveleg tekst.

11 Bøn
L Lat oss be.

Anten A
L Evige Gud, du som vi flyr til når vi sørgjer, ver nær med din fred. Styrk oss i trua. Gjev oss framtid og von. Vi takkar deg for (namnet vert nemnt) og det du gav oss gjennom hans/hennar liv. Miskunnsame Gud, vi overgjev han/henne i dine hender. Du som har skapt oss i ditt bilete og har gjeve oss Jesus Kristus som vår Frelsar, reis oss opp på oppstodedagen til evig liv hjå deg.

Eller B
L Jesus Kristus, du som lova å vera med oss alle dagar så lenge verda står, ver du vår styrke og trøyst, vårt ljos og vår vegvisar. Lat oss alle ein gong ved trua på deg få del i gleda i oppstoda.

Eller C
L Evige Gud, himmelske Far, du har i Son din, Jesus Kristus, gjeve oss siger over døden. Vi bed deg, lei oss ved din Heilage Ande, så vi aldri kjem bort frå deg, men lever livet vårt i trua på Son din og eingong når fram til det evige liv i riket ditt, ved Jesus Kristus, vår Herre.

Eller D
L Herre Jesus Kristus, du som bar alle våre synder, vi takkar deg for din kjærleik som er sterkare enn døden. Gjev oss del i frelsa som du vann ved din død og di oppstode, og før oss med di mektige hand gjennom liv, død og dom inn til di evige glede.

Eller E
L Himmelske Far, vi takkar deg for det du gav gjennom (namnet vert nemnt) som no er gått bort. Styrk og trøyst alle som sit i sorg og saknad. Vi gjev oss over i di sterke hand. Hjelp oss å leva i samfunn med deg, så vi eingong kan fara herifrå i fred, ved Jesus Kristus, Son din, vår Herre.

Eller F
Ei bøn som er skriven med tanke på den situasjonen dei pårørande og lokalsamfunnet har opplevd i samband med dødsfallet.

Her kan følgja

12 I dine hender
A I dine hender, Herre Gud, gjev eg mi ånd.
Du forløyser meg, Herre, du trufaste Gud.
I dine hender, Herre Gud, gjev eg mi ånd.
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
I dine hender, Herre Gud, gjev eg mi ånd.
Dette leddet kan òg syngjast som vekselsong, sjå Norsk Salmebok 936.
Her kan òg følgja Simeons lovsong (Luk 2,29-32), anten lesen eller sungen, sjå Norsk Salmebok 909-910.

13 Herrens bøn
L Lat oss saman be Herrens bøn.
A Fader vår, du som er i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt,
og makta og æra i all æve.
Amen.

14 Salme

15 Postludium
Før postludiet kan det framførast musikkinnslag, vokalt eller instrumentalt.
Under postludiet vert kista boren ut.
 
*

JORDPÅKASTING

Ved grava
Før ledd 16 Salme set ein kista på senkeapparatet eller på plankar e.l. over grava og lèt henne stå der til ho skal setjast ned i grava, sjå ledd 19 Nedsetjing.
Dersom det er vanleg på staden, kan ein setja kista heilt ned i grava med ein gong, før salmen (ledd 16) vert sungen.

16 Salme

Her kan følgja

17 Skriftlesing
Ein av desse tekstane, som ikkje er brukt tidlegare i gravferda:
Salme 50,15 Salme 23
Salme 68,21 Salme 121
Matt 11,28 Matt 28,1-10
Op 1,17b-18 Op 21,1-5a


Her kan følgja

18 Bøn ved gravstaden
I denne bøna kan liturgen fylla ut (namnet vert nemnt) etter som det høver – til dømes fullt namn, fornamn, vår kjære, vår ven osb.

Anten A
L Herre Jesus Kristus, lat denne grava vera ein stad med von, i trua på deg som stod opp frå dei døde.

Eller B
L Herre Jesus Kristus, du som sjølv vart lagd i ei grav, gjev at vi må følgja deg i oppstoda frå dei døde.

Eller C
L Herre Jesus Kristus, lat (namnet vert nemnt) få kvila i fred under krossteiknet til morgonen for oppstoda. Hjelp oss i liv og død å setja vår von til deg.

Eller D
L Herre Jesus Kristus, du som sjølv vart lagd i ei grav, lat denne staden vera ein fredsstad, der (namnet vert nemnt) får kvila under krossteiknet til dagen då du kallar alle fram frå gravene. Hjelp oss i liv og død å setja vår von til deg.

19 Nedsetjing
Hovudregelen er at kista vert sett heilt ned i grava.

20 Jordpåkasting
L I namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.
Deretter kastar liturgen tre gonger jord på kista og seier:
Første gongen: Av jord er du komen.
Andre gongen: Til jord skal du verta.
Tredje gongen: Av jorda skal du atter stå opp.

21 Skriftord og velsigning

Anten A
L Vår Herre Jesus Kristus seier: Eg er oppstoda og livet.
Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
Og kvar den som lever og trur på meg,
skal i all æve ikkje døy. Joh 11,25-26

Eller B
L Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 1 Pet 1,3

Vend til dei sørgjande:

L Ta imot velsigninga.
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.

22 Salme

Gravferd på Stord

DATO *
tirsdag 27.06.17 kl.13:00 Stord kyrkje
torsdag 29.06.17 kl.13:00 Stord kyrkje
fredag 30.06.17 kl.10:30 Stord kyrkje