Me vil ynskja velkommen til dåp i kyrkjelydane våre. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, men det er inga aldersgrense for dåp. Gjennom konfirmasjonstida er det kvart år fleire unge som ynskjer dåp, og som vaksen kan du óg verta døypt. Dersom du ynskjer dåp hos oss, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret.


VED YNSKJE OM BARNEDÅP:

Kontakt kyrkjekontoret
Ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid for å fastsetja dato for dåpen.
  
Dåpsmøte i kyrkja for foreldre og fadrar
Dette møtet er eit orienteringsmøte om dåpen, der me tar opp alle praktiske spørsmål om dåpsgudstenesta og sjølve dåpshandlinga. Vidare tar me opp samanhengen mellom dåp og kristen opplæring, om foreldra og fadrane sine oppgåver, og kyrkjelyden si dåpsopplæring.

Lurer du på noko når det gjeld barnedåp i kyrkja? Svar på ein del vanlege spørsmål finn du her

Lenkjene på denne sida er henta frå Den norske kyrkja sine nettsider, www.kyrkja.no.

Innmelding til dåp - skjema


SKJEMA FOR INNMELDING TIL DÅP

Skjemaet kan brukast før eller etter at de har teke kontakt med kyrkjekontoret for avtale om dato for dåp.

Dåpsgudstenester i Nysæter kyrkje

I Nysæter kyrkje er det stort sett høve til å ha dåp kvar søndag. Unntaka er markert i gudstenesteplanen for Nysæter kyrkje.

Dåpsgudstenester i Stord kyrkje

DATO * MERKNAD PREST
søndag 09.07.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd Egil Larsen
søndag 23.07.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd. Eirik Aadland Tappel
søndag 06.08.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp Jørgen Knudsen
søndag 03.09.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp Svein Arne Theodorsen
søndag 17.09.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd.HimalPartner tek del. Eirik Aadland Tappel
søndag 01.10.17 kl.11:00 Stord kyrkje Haustmøte. Tale Erik Furnes. Festivalen KyrkjeLyd tek del. Dåp og Nattverd. SØNDAGSSKULE I KYRKJA Eirik Aadland Tappel
søndag 15.10.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp Jørgen Knudsen
søndag 29.10.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd. Egil Larsen
søndag 05.11.17 kl.11:00 Stord kyrkje Diakonisøndag. Dåp og Nattverd. SØNDAGSSKULE I KYRKJA Eirik Aadland Tappel
søndag 26.11.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd. Egil Larsen
søndag 10.12.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp Svein Arne Theodorsen
søndag 17.12.17 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp og Nattverd. AVSLUTNING FOR SØNDAGSSKULEN I KYRKJA. Juleverkstad Eirik Aadland Tappel