Årsmelding frå diakoniutvalet for 2016 finn du her.
                                                                                                                                                                
Sorg - omsorg Stord inviterer til lunsjmøte på Stord kyrkjekontor laurdag 11. mars kl. 11.00. Det vert innlegg ved sokneprest Arnt Johan Vistnes.  Han vil snakka om sorg, sakn og håp. Alle som har mista ein av sine kjære det siste året, er invitert, men møtet er ope for alle.

Les meir …

I morgon fredag 3. mars kl. 18.00 arrangerer vi Kvinnenes internasjonale bønedag i Frelsesarmèen sine lokaler. Alle kvinner frå alle kyrkjer og bedehus er hjarteleg velkomen! Pengane som blir samla inn i år, vil gå til kvinner på Filippinane som har opplevd traumer etter vald og naturkatastrofar. Talar: Edel Sørvik. Enkel servering.
StallenStallen er på plass på torget- eit synleg symbol på at julehøgtida nærmar seg. Det vert ikkje gløgg og pepperkaker på laurdagane slik som tidlegare år. Men alle er velkommen til å ta turen, lesa juleevangeliet og sjå på anna informasjon inne i Stallen.

Førstkomande søndag kl. 11.00 er det fellesgudsteneste i Stord kyrkje med fokus på diakoni som betyr kristen nestekjærleik. Bibelteksten er likninga om den miskunnsame samaritanen. Det vert dåp og nattverd, samt song og musikk ved kyrkjekoret Sanctus og ein messingkvartett. Liturg er Arnt Johan Vistnes, kantor Bjarte Aadland har det musikalske ansvaret og soknediakon Lisbeth Nygård held preik. Alle er hjarteleg velkomne.
Godhet2016 kopiFrå 30. mai til 3. juni - frå kl. 17.00 – 21.00 - vert det arrangert «GODHETSFESTIVAL» her på Stord. Vi trur at «små ting gjort i kjærleik vil forandre verda» og håpar på ein kultur der det å yta godhet og hjelp for sine medmenneske kan bli ein ny og god vane for fleire i samfunnet her på Stord. Planen er at Godhetsfestivalen skal arrangerast rundt første veka i juni år etter år.

Les meir …

logo godhetTil alle på Stord:
Treng du hjelp, eller kjenner du nokon
som treng hjelp av forskjellig praktisk art?
Eller har du sjølv lyst å hjelpa til?
1. - 5. juni frå kl. 17.00 - 21.00 arrangeres det GODHETSFESTIVAL på Stord. Då er vi (forhåpentligvis) ein stor gjeng med vaskebøtter, plenklippere og malerkoster, som er klar til å gjera ein innsats.
Registrer deg på www.godhet.no eller ta kontakt med soknediakon Lisbeth Nygård, mob 911 83 846
LogoSorgOmsorgVelkommen til temakveld:
SØRGJANDE VAKSNE MED SØRGJANDE BARN
fredag 31. oktober 2014 kl. 18.00 i Stord kyrkje

Sørgjande vaksne i møte med sørgjande barn v/ psykolog Bjørn Angell Bergh.
Kari Bolette Lundal formidlar forteljinga «Sommerlandet» av Eyvind Skeie.
Fløyte: Barbro Høyland Andersen
Orgel: Palmer Vistnes
Det vert høve til lystenning og servering av kaffi/te og boller.

Arr. Sorg og Omsorg Stord. Dei er organisert med ei styringsgruppe basert på eit breidt samarbeid mellom representantar frå Stord kommune, Stord Røde Kors, Stord Sjukehus og Den norske kyrkja på Stord.
Me treng fleire til frivillig teneste.
Kan du tenkja deg å bli kyrkjevert? Møta kyrkjelyden i døra med smil og visa til rette og vera med å skapa trygghet og trivsel under gudstenesta?
Eller kan du tenkje deg å tilby kyrkjeskyss?
Eller har du lyst til å bli besøksvenn?
Ta gjerne kontakt med Lisbeth Nygård, diakon.
tlf 53403431 - m 91183846


”Kom til meg, alle som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” seier Jesus.
Møte med Jesus har forandra livet til svært mange menneske, her på Stord og over heile verda. Ønsker du å snakke med ein av prestane eller diakon, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret. tlf. 53 40 34 30.

Hjelp Gjennom Sorg
Livet gir oss både vonde og gode dagar. Noko av det verste me kan oppleva, er når ein av våre kjære døyr. Då opplever me sorg og sakn.
Dersom du ynskjer å delta i sorggruppe kan du kontakta soknediakonen.

Les meir …

Om diakoni i Stord sokn og Nysæter sokn.

Les meir …

Diakon