Søndag 10. februar kl 1930 vert det ein variert og fin vinterkonsert i Nysæter kyrkje. Eit utvida kor Sanctus syng då i stor grad musikk frå det klassiske repertoiret. Ein får høyra ein koralkantate av den tyske seinromantikaren Max Reger saman med Sigurd Heide Aadland på fiolin, Alise Jonassen på bratsj og Bjarte Aadland på orgel. Ingjerd Kannelønning Kolstad er sopransolist og Tone Heide dirigerer. Koret skal og syngja to satsar frå russaren Rachmaninoff sin store vesper. Nordmannen Ola Gjeilo er og representert med ein Agnus Dei-sats (Du Guds lam).

 

I tillegg til korsong er ein spennande klarinettkvartett samansett av unge og dyktige elevar frå Stord kommunale kulturskule med og musiserer. Dei spelar mellom anna Mendelssohn og Gershwin.Vidare deltek Barbro Høyland Andersen og kantor Bjarte Aadland.Dei spelar impresjonistisk musikk av franskmennene Debussy og Ravel (fløyte og piano).

Sist, men ikkje minst er saksofonist Webjørn Sæther med og spelar to religiøse folketonar saman med Bjarte Aadland på orgel. Dette blir meir i den jazzige sjangeren. Sæther kjem til å spela både sopransaksofon og kontra-altklarinett i konserten.

Inngongspengar er kr.200,- (Ungdom under 20 år går gratis)

Hjarteleg velkommen til konsert!

facebook_page_plugin

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD:
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!

Søndagsskule

LogoSunHer finn du ei oversikt over søndagsskule-samlingane:

SØNDAGSSKULEN I STORD KYRKJE: 
pdfSøndagsskule Stord kyrkje - Våren 2019

SØNDAGSSKULEN I NYSÆTER KYRKJE:
pdfSøndagsskule Nysæter - Våren 2019 

Babysong - i Stord kyrkje og Nysæter kyrkje

Kirkens SOS

kirkens-sos
11-chat-1-slim


vippsstordsokn