Juleavslutning i trusopplæringa mandag 9.desember
Mandag 9.desember er det tid for juleavslutninger i trusopplæringa. Velkommen!
Mat & prat for småbarnsforeldre i Nysæter kyrkje mellom kl. 12.00-14.00. Sosialt og kjekt, servering av lunsj og eit golv fullt av leiker.
T0 Babysong i kyrkjestova Fredheim (Hystadvg 32)
Opne dører frå kl. 10.30, Songstund kl 11.00 og leik, prat og servering av enkel lunsj fram til ca kl. 12.00.
Kvilepuls i Nysæter kyrkje 10.desember kl. 20.
Velkomen til siste Kvilepuls før jul i Nysæter kyrkje tysdag 10.des kl. 20- ca 20.40
Kvilepuls er eit "Jesus-minutt" i kvardagen. Ein anledning til å lese søndagens bibeltekster, be eller lytte til musikken. Men og ein anledning for grupper til å møtest i kyrkja og lese bibeltekst for så å samlast til samtale og mat i ein heim etterpå. Me avsluttar med ei kort samling med velsigning og bøn.
Det er moglegheit for samtale eller forbøn på kvilepuls om du ynskjer det.
Juleavslutning T123
Velkommen til juleavslutning for T1, T2 og T3 mandag 9.desember kl. 16.30- ca 18.30 i Stord kyrkje.
Me skal høyre om den aller første jula, laga englar, ete graut med mandel i og gå rundt juletreet og syngje julesanger. Det er ikkje påmelding - velkommen!!
Babysong & T123 blir fortsatt på Fredheim
Sjølv om Stord kyrkje no opnar igjen og me kunne hatt både babysong og T123 i kyrkja no, har me erfart denne hausten at både små og store trives så godt i kyrkjestova Fredheim (Hystadvegen 32) at me blir her vidare.
Meir info og program:
T0 Babysong
Babysong er songsamlingar annakvar mandag der me syng og leiker oss gjennom eit utval av songar, rim, regler og bøner. Songstunda varar i omlag ein halv time. Etterpå et me nistelunsj saman og finn fram leiker på golvet.
Småbarnsforeldretreff og Songskatt i Nysæter
Velkomen til Småbarnsforeldretreff i Nysæter kyrkje kvar mandag kl. 12:00-14:00 og "Songskatt" annakvar mandag kl. 11:30-11:50.
T2 & T3 Songstund
Velkomen til ei ettermiddagsstund der me skal syngja og leika og spela oss gjennom songer, rim og regler og bli kjent med ei forteljing frå bibelen. Songstunda varar i omlag ein halv time. Etterpå finn me fram frukt og leiker til borna og kaffe/ te til dei vaksne.
Stord kyrkjekontor
OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag
kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00
SENTRALBORD:
tlf 53 40 34 30
POSTADRESSE:
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord
BESØKSADRESSE:
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik
Søndagsskule
Her finn du ei oversikt over søndagsskule-samlingane:
SØNDAGSSKULEN I STORD KYRKJE: Søndagsskule Stord kyrkje - Hausten 2019
SØNDAGSSKULEN I NYSÆTER KYRKJE: Søndagsskule Nysæter - Hausten 2019
Kyrkjelydsblad - SPIRA
Nytt frå Stord og Nysæter kyrkjelydar
Last ned her:2019 - september
2019 - mai
Du kan støtta arbeidet med ei innbetaling merka "SPIRA" til kontonummer 3201.23.04578
Sunnhordland prosti
HELG OG YRKE er eit felles kyrkjeblad for Sunnhordland prosti.
Last ned her:HY201901.pdf
Eldre årgang her