Stord Ungdomskor !
Skrive av Liv Kari Bru   
Stord Ungdomskor
vart starta av Reidun Hagenes i 1980. Ho dirigerte koret fram til 2005. I denne perioden markerte koret seg som eit av dei beste ungdomskora i Norge og fekk fleire nasjonale og internasjonale prisar. Dei gjevaste var 1.premie og Marie Foss prisen (1990) for beste kor uansatt klasse i NRK sin årlege konkurranse for barne & ungdomskor, samt 2. plass i den europeiske radiokonkurransen "Let the people sing" i 1991.
Koret har gjennom åra fått mange prestisjetunge invitasjonar til konsertar og festivalar frå ulike stader i verda.
Koret fekk ny dirigent i 2005.

"Nye" Stord Ungdomskor
Diverre stod koret i fare for å bli nedlagt i 2007.
Då vart ideen unnfanga om eit samarbeid mellom ungdomskoret, kulturskulen og Stord kyrkje om å driva Stord ungdomskor. Frå hausten 2007 var prøveprosjektet over 2 år ein realitet med dirigentane Reidun Hagenes & Liv Kari Bru saman med songpedagog Ingjerd K. Kolstad og kantor Jan Overweg i ei faggruppe. Alle samarbeidspartane ynskte å fortsetja samarbeidet då prøveperioden var over hausten 2009.

Repertoaret til koret er det same som det alltid har vore - ei blanding av ulike stilartar og sjangrar som høver i ulike samanhangar.
Stord Ungdomskor skal vera eit kor med høg musikalsk målsetjing i god ballanse med godt sosialt miljø og solid trivselsfaktor. Koret ynskjer å framstå som eit musikalsk veksthus for unge jenter som likar å syngja.

Koret fyller 30 år i 2010. Dette vart markert med stor jubileumskonsert i Stord kulturhus i april.
"Nye" Stord Ungdomskor hadde ein strålande "konkurransedebut" i Syng for oss-konkurransen i Grieghallen, Bergen i mai 2010: Delt 1.pris i ungdomskorklassen med fantastiske 21,2 poeng og 3. pris i klassen for scenisk uttrykk med 19,8 poeng. I sistnemnte konkurranse deltok me saman med berre vaksne kor.
Les meir…
 
Reisebrev frå Nederland
Skrive av Liv Kari Bru   
Ingvild Eide har skrive eit flott reisebrev. Det kan du lasta ned her.
Utdrag frå dette stod på trykk i Sunnhordland onsdag 12.august.
Les meir…
 

Velkomen til
www.stordungdomskor.no
Stord Ungdomskor på nettet!

"Ungdomskoret gav meg venner for livet!" Sigrid Eskeland Schütz - ”Gav meg gode opplevelser og minner for livet og gjorde meg kvalitetsbevist” Siw Kristin Vad Haraldsen - ”Grunnlaget og gleden ved å synge lærte eg i koret” Katrine Lunde Mackenzie - "Stord ungdomskor var for meg utrolig viktig, en døråpner mot videre kreativt arbeid" Monika Solheim

Logg inn






Gløymt passord?

Online

Kalender

< Mai 2012 > »
M T O T F L S
30 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31 1 2 3

Grasrotandelen

STORD UNGDOMSKOR
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velga eit lag som du ynskjer å støtta - altså din grasrotmottakar. Me oppfordrar alle til å støtta oss i Stord Ungdomskor.
Organisasjonsnummeret vårt er
993 861 596
Dette nummeret brukar du når du registrerer deg hos kommisjonæren og leverer inn tippelappar og slikt. Me takkar for all støtte.

Stord Ungdomskor - Postboks 429 - 5403 Stord